跳到论文正文
W Papers独立论文阅读器 arXiv:2405.17498 论文正文 计算阅读时间 · 0%
引用这篇论文根据当前论文元数据生成,正式投稿前建议核对。

    
  
11institutetext: 11email: georg@schaathun.net 22institutetext: 22email: ben.d.normann@ntnu.no
Institutt for IKT og realfag
Fakultet for informasjonsteknologi og Elektroteknikk
33institutetext: 33email: kenny.solevag-hoti@ntnu.no
Universitetsbiblioteket
NTNU — Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet
6025 Ålesund, Norway

Om å kartleggja mørk materie med maskinlæring

Hans Georg Schaathun 11    Ben David Normann 22    Kenny Solevåg-Hoti 33
Samandrag

Gravitasjonslinsing er fenomenet der ljos frå fjerne himmellegeme vert avbøygd av tyngdekraften frå andre himmellegeme, som ofte ikkje er fullt synlege fordi mykje av massen er mørk materie. Observert gjennom ei gravitasjonslinse, framstår fjerne galaksar som forvrengde. Der er mykje forskingsaktivitet som freistar å karleggja mørk materie ved å studera linseeffektar, men dei matematiske modellane er kompliserte og utrekningane krev i dag mykje manuelt arbeide som er svært tidkrevjande. I denne artikkelen drøftar me korleis me kan kombinera rouletteformalismen åt Chris Clarkson med maskinlæring for automatisk, lokal estimering av linsepotentialet i sterke linser, og me presenterer eit rammeverk med programvare i open kjeldekode for å generera datasett og validera resultat.

Nykelord::
gravitasjonslinsing maskinlæring rouletteformalisme mørk materie simulering

1 Innleiing

Eit av dei store måla i kosmologien er å kartleggja universet. Moderne teleskop gjev tilgang til eit enormt biletmateriale, men om lag 85%percent8585\% av massen er ikkje synleg. Sokalla mørk materie gjev ikkje frå seg ljos. Fysikarane veit lite om denne materien, men han må vera der for at den generelle relativitetsteorien skal stemma med observasjonane. For å lokalisera den mørke materien, må ein sjå korleis han påverkar andre, synlege fenomen. Sidan ljoset vert påverka av tyngdekraften, vil mørk materie kunna danna sokalla gravitasjonslinser, som forvrenger bilete av meir fjerne galaksar. Dette er analogt til vanlege, optiske linser. Sjå t.d. [13].

Ved å studera forvrengde bilete av fjerne galaksar, er det råd å utleida plassering, form, og storleik på gravitasjonslinsene, men utrekningane er komplekse og med dagens teknikkar tek det fleire dagar med manuelt arbeide å rekonstruera éi linse. Ei rekkje forfattarar har brukt maskinlæring på ulike måtar for å analysera gravitasjonslinser. [19] parameterbestemmer ein singulær, isoterm, elliptisk linsemodell (SIE) med sterk linsing. [14] bruker representasjonslæring for å finna eit nevralt nettverk som tilnærmer ei spesifikk linse. Der er også ei rekkje klassifiseringsmodellar for å finna linser på nattehimmelen.

Kvar tilnærming byggjer på bestemte modelleringsparadigme med ulike styrkar og lyte; ingen gjev ei komplett og generisk løysing. Ei særleg utfordring er sokalla klyngelinser, der fleire massekonsentrasjonar bidreg til linseeffekten på det same biletet. I denne artikkelen føresleg me, heller enn å søkja ei global skildring av linsa, å gje ei lokal skildring av effekten av linsa i eitt punkt på nattehimmelen. Den lokale skildringa byggjer på rouletteformalismen etter [16], som søkjer å viska ut det konvensjonelle skiljet mellom svak og sterk linsing.

Hensikta med artikkelen er å etablera eit rammeverk og programvare for å støtta vidare arbeide med maskinlæring på rouletteformalismen, innanfor både informatikk og fysikk. Kjernen er roulettesimulatoren [24, sjå], som let oss syntetisera treningsdata. Her skal me imidlertid fokusera på prosessen som heilskap, og korleis maskinlæringa kan brukast til å bestemma koeffisientane i rouletteformalismen, og ikkje berre bestemma parameter i ein postulert linsemodell. Avsnitt 3 presenterer roulettemodellen og -simulatoren. Avsnitt 5 gjev eit konseptprov for å visa at maskinlæring er lovande, men i all hovudsak står dette att som eit ope problem.

2 Modell og Problem

Refer to caption
Fig. 1: Observasjon av nattehimmelen gjennom ei gravitasjonslinse.

All materie, både ljos og mørk, oppfører seg som ei linse som forvrenger bilete av fjernare galaksar. Eddington målte avbøyinga i solljoset under ei solformørking i 1919 og viste samsvar med den generelle relativitetsteorien etter Einstein. Omfattande teoretisk arbeide er gjort sidan den gongen, og til tross for periodar med pessimisme pga. skrinne observasjonar og dårleg oppløysing, er gravitasjonslinsing no vorte eit av dei mest lovande verktya for informasjonsmining frå nattehimmelen.

Figur 1 viser ein enkel modell med éin observasjon og éi linse. Massen er konsentrert i to plan, linseplanet som me søkjer å kartleggja og kjeldeplanet som er opphav til den synlege observasjonen. Me føreset at linsemassen er konsentrert i eit plan og ikkje har utstrekking langs synslina. Denne sokalla tynnlinsetilnærminga er rimeleg fordi avstandane er astronomiske og tjukkna dermed neglisjerbar. Strengt teke er linse- og kjeldeplanet kuleoverflater, men når synsvinkelen er smal kan me likevel føresetja flate plan (flathimmeltilnærminga). I det fylgjande lèt me DLsubscript𝐷LD_{\mathrm{L}} og DSsubscript𝐷SD_{\mathrm{S}} stå for kortaste avstand til hhv. linseplanet og kjeldeplanet.

Linsa dannar eit linsepotensial som er skildra som ein funksjon ψ​(𝝃)𝜓𝝃\psi(\boldsymbol{\xi}) som gjev ein reell verdi for kvart punkt 𝝃𝝃\boldsymbol{\xi} i linseplanet. I figur 1 ser me korleis observert ljos som kjem gjennom 𝝃𝝃\boldsymbol{\xi}, ser ut til å koma frå 𝝂𝝂\boldsymbol{\nu} i kjeldeplanet, medan det i røynda kjem frå 𝜼𝜼\boldsymbol{\eta} og vert bøygd av linsa. Avbøyinga er bestemt av raytrace-likninga som er gjeven som

𝜼−𝝂=−DS​DL⋅(∂ψ​(ξ)∂ξ1,∂ψ​(ξ)∂ξ2).𝜼𝝂⋅subscript𝐷Ssubscript𝐷L𝜓𝜉subscript𝜉1𝜓𝜉subscript𝜉2\displaystyle\boldsymbol{\eta}-\boldsymbol{\nu}=-D_{\mathrm{S}}D_{\mathrm{L}}\cdot\bigg{(}\frac{\partial\psi(\xi)}{\partial\xi_{1}},\frac{\partial\psi(\xi)}{\partial\xi_{2}}\bigg{)}. (1)

Sidan avbøyinga er forårsaka av massen, må der vera ein samanheng mellom massetettleiken κ𝜅\kappa og linsepotensialet ψ𝜓\psi. Denne samanhengen skriv me som

κ​(ξ)=DL22​∇2ψ​(ξ)=DL22​(∂2ψ​(ξ)∂ξ12+∂2ψ​(ξ)∂ξ22).𝜅𝜉superscriptsubscript𝐷L22superscript∇2𝜓𝜉superscriptsubscript𝐷L22superscript2𝜓𝜉superscriptsubscript𝜉12superscript2𝜓𝜉superscriptsubscript𝜉22\displaystyle\kappa(\xi)=\frac{D_{\mathrm{L}}^{2}}{2}\nabla^{2}\psi(\xi)=\frac{D_{\mathrm{L}}^{2}}{2}\bigg{(}\frac{\partial^{2}\psi(\xi)}{\partial\xi_{1}^{2}}+\frac{\partial^{2}\psi(\xi)}{\partial\xi_{2}^{2}}\bigg{)}. (2)
Remark 1

Oppmerksame lesarar kan sjå at faktoren DLsubscript𝐷LD_{\mathrm{L}} er utelaten i programkoden, bortsett frå i forholdet χ=DL/DS𝜒subscript𝐷Lsubscript𝐷S\chi=D_{\mathrm{L}}/D_{\mathrm{S}} som skalerer storleikar mellom linse- og kjeldeplanet. Dette er fordi DLsubscript𝐷LD_{\mathrm{L}} og DSsubscript𝐷SD_{\mathrm{S}} forøvrig vert kansellert i alle vidare utrekningar, noko som kan vera tidkrevjande men ganske rett fram å stadfesta.

Remark 2

Det er vanleg at linsa inneheld ljos materie i tillegg til mørk materie, slik at det er mogleg å fastsetja DLsubscript𝐷LD_{\mathrm{L}}, og me vil gå ut frå at dette er tilfellet og at både DLsubscript𝐷LD_{\mathrm{L}} og DSsubscript𝐷SD_{\mathrm{S}} er kjende størrelsar.

Example 1

Den singulære isotermiske sfæremodellen (SIS) [23, sjå t.d.] har linsepotensiale

ψSIS(𝝃)=REDL2|𝝃|,=REDL2ξ12+ξ22,\displaystyle\psi_{\textrm{SIS}}(\boldsymbol{\xi})=\frac{R_{\textrm{E}}}{D_{\textrm{L}}^{2}}|\boldsymbol{\xi}|,=\frac{R_{\textrm{E}}}{D_{\textrm{L}}^{2}}\sqrt{\xi_{1}^{2}+\xi_{2}^{2}}, (3)

der REsubscript𝑅𝐸R_{E} er einsteinradien som gjev styrken (eller totalmassen) på linsa. Raytrace-likninga i SIS-modellen vert

𝜼=(1−RE|𝝂|)​𝝂.𝜼1subscript𝑅E𝝂𝝂\boldsymbol{\eta}=\bigg{(}1-\frac{R_{\textrm{E}}}{|\boldsymbol{\nu}|}\bigg{)}\boldsymbol{\nu}.

Sjølv om SIS er urealistisk, i og med at massen har uendeleg ustrekking, er modellen like fullt rekna som nyttig og mykje brukt i fysiske analysar.

Det er trivielt å simulera forvrengde bilete for ein gjeven kjelde- og linsemodell, i alle fall dersom ψ𝜓\psi er deriverbar. For kvar piksel 𝝂𝝂\boldsymbol{\nu} i det forvrengde biletet, kan me rekna ut posisjonen 𝜼𝜼\boldsymbol{\eta} og sampla kjelda. Utfordringa er å finna ein plausibel linsemodell ψ^^𝜓\hat{\psi} for eit observert forvrengt bilete. Det generelle tilfellet, der ψ𝜓\psi er ein vilkårleg funksjon, har uendeleg mange fridomsgradar og er dermed ikkje mogleg å løysa. Ei mogleg tilnærming er å føresetja ein konkret linsemodell (t.d. SIS) der ein berre treng å fastsetja nokon få parameter (som einsteinradien). [19] brukte t.d. maskinlæring for å finna parametra i ein SIE-modell (singulær isotermisk ellipse). I praksis står me derimot gjerne overfor sokalla klyngelinser, der linsemassen er fordelt på fleire ulike objekt, kvar med sine parameter, og dette krev ein meir samansett modell.

I dette arbeidet tek me ei alternativ tilnærming. I staden for å fastsetja linsepotensialet ψ𝜓\psi over heile definisjonsområdet, freistar me å skildra ψ𝜓\psi lokalt rundt eitt einskild punkt 𝝃=𝝂⋅DL/DS𝝃⋅𝝂subscript𝐷Lsubscript𝐷S\boldsymbol{\xi}=\boldsymbol{\nu}\cdot D_{\mathrm{L}}/D_{\mathrm{S}} i det forvrengte biletet. Dersom me kan gjera dette for fleire galaksar som er påverka av den same linsa, kan me i neste omgang freista å rekonstruera ψ𝜓\psi globalt basert på fleire lokale skildringar.

3 Roulettemodellen

Rouletteformalismen vart introdusert av [16] og utdjupa av [17]. I prinsippet er det ei taylorutviding av ψ𝜓\psi rundt eit punkt 𝝃𝝃\boldsymbol{\xi} i linseplanet, og teknikken er godt etablert for svake linser der ein berre treng nokre få taylorledd for å få ei rimeleg nøyaktig tilnærming. Clarkson utvider denne teknikken for sterke linser ved å bruka fleire ledd, i kontrast til [18] som utvider sterklinseteknikkar for svake linser.

observatørlinseoptisk akse𝝃Ssubscript𝝃𝑆\boldsymbol{\xi}_{S}DSsubscript𝐷SD_{\mathrm{S}}DLsubscript𝐷LD_{\mathrm{L}}𝝂Ssubscript𝝂𝑆\boldsymbol{\nu}_{S}𝜼Ssubscript𝜼𝑆\boldsymbol{\eta}_{S}Δ​𝜼SΔsubscript𝜼𝑆\Delta\boldsymbol{\eta}_{S}𝝂𝝂\boldsymbol{\nu}𝜼𝜼\boldsymbol{\eta}𝝃𝝃\boldsymbol{\xi}(r,ϕ)𝑟italic-ϕ(r,\phi)(x′,y′)superscript𝑥′superscript𝑦′(x^{\prime},y^{\prime})
Fig. 2: Geometrien i den flate himmelen med dei kritiske punkta i roulettemodellen.

For å simulera forvrengde bilete i rouletteformalismen, bruker me fyrst raytrace-likninga for å finna punktet 𝝃Ssubscript𝝃𝑆\boldsymbol{\xi}_{S} i linseplanet, som svarer til sentrum 𝜼Ssubscript𝜼𝑆\boldsymbol{\eta}_{S} i den opprinnelege kjelda. I SIS-modellen er 𝝃Ssubscript𝝃𝑆\boldsymbol{\xi}_{S} gjeven som

|𝝃S|=DLDS⋅|𝝂S|=DLDS⋅|𝜼S|+RE.subscript𝝃𝑆⋅subscript𝐷Lsubscript𝐷Ssubscript𝝂𝑆⋅subscript𝐷Lsubscript𝐷Ssubscript𝜼𝑆subscript𝑅E\displaystyle|\boldsymbol{\xi}_{S}|=\frac{D_{\mathrm{L}}}{D_{\mathrm{S}}}\cdot|\boldsymbol{\nu}_{S}|=\frac{D_{\mathrm{L}}}{D_{\mathrm{S}}}\cdot|\boldsymbol{\eta}_{S}|+R_{\mathrm{E}}.

Punktet 𝝃Ssubscript𝝃𝑆\boldsymbol{\xi}_{S} bruker me som referansepunkt for rouletteutvidinga (jf. figur 2). Den fyrste rouletteamplityden (α10,β10)superscriptsubscript𝛼10superscriptsubscript𝛽10(\alpha_{1}^{0},\beta_{1}^{0}) er då avbøyinga 𝝂−𝜼𝝂𝜼\boldsymbol{\nu}-\boldsymbol{\eta},

Δ​𝜼Δ𝜼\displaystyle\Delta\boldsymbol{\eta} =𝝂−𝜼=−DS⋅(α10,β10).absent𝝂𝜼⋅subscript𝐷Ssubscriptsuperscript𝛼01subscriptsuperscript𝛽01\displaystyle=\boldsymbol{\nu}-\boldsymbol{\eta}=-D_{\textrm{S}}\cdot(\alpha^{0}_{1},\beta^{0}_{1}). (4)

For å finna ljoset i eit vilkårleg punkt 𝝂𝝂\boldsymbol{\nu} nær 𝝂Ssubscript𝝂𝑆\boldsymbol{\nu}_{S}, bruker me roulettelikninga. Me fylgjer Clarkson og skriv punktet 𝝃𝝃\boldsymbol{\xi} i polarkoordinatar (r,ϕ)𝑟italic-ϕ(r,\phi) med origo i 𝝃Ssubscript𝝃𝑆\boldsymbol{\xi}_{S}, og 𝜼𝜼\boldsymbol{\eta} i kartesiske koordinatar (x′,y′)superscript𝑥′superscript𝑦′(x^{\prime},y^{\prime}) med origo i 𝜼Ssubscript𝜼𝑆\boldsymbol{\eta}_{S}. Clarkson gjev oss då

DLDS⋅[x′y′]⋅subscript𝐷Lsubscript𝐷Smatrixsuperscript𝑥′superscript𝑦′\displaystyle\frac{D_{\mathrm{L}}}{D_{\mathrm{S}}}\cdot\begin{bmatrix}x^{\prime}\\ y^{\prime}\end{bmatrix} =r⋅[cos⁡ϕsin⁡ϕ]+∑m=1∞rmm!⋅DLm−1​∑s=0m+1cm+s​(αsm​𝑨s+βsm​𝑩s)​[C+C−]absent⋅𝑟matrixitalic-ϕitalic-ϕsuperscriptsubscript𝑚1superscript𝑟𝑚⋅𝑚superscriptsubscript𝐷L𝑚1superscriptsubscript𝑠0𝑚1subscript𝑐𝑚𝑠superscriptsubscript𝛼𝑠𝑚subscript𝑨𝑠superscriptsubscript𝛽𝑠𝑚subscript𝑩𝑠matrixsuperscript𝐶superscript𝐶\displaystyle=r\cdot\begin{bmatrix}\cos\phi\\ \sin\phi\end{bmatrix}+\sum_{m=1}^{\infty}\frac{r^{m}}{m!\cdot D_{\mathrm{L}}^{m-1}}\sum_{s=0}^{m+1}c_{m+s}\left(\alpha_{s}^{m}\boldsymbol{A}_{s}+\beta_{s}^{m}\boldsymbol{B}_{s}\right)\begin{bmatrix}C^{+}\\ C^{-}\end{bmatrix} (5)

der

C±superscript𝐶plus-or-minus\displaystyle C^{\pm} =±sm+1,absentplus-or-minus𝑠𝑚1\displaystyle=\pm\frac{s}{m+1}, (6)
cm+ssubscript𝑐𝑚𝑠\displaystyle c_{m+s} =1−(−1)m+s4={0,m+s​ er jamn,12,m+s​ er odde,absent1superscript1𝑚𝑠4cases0𝑚𝑠 er jamnotherwise12𝑚𝑠 er oddeotherwise\displaystyle=\frac{1-(-1)^{m+s}}{4}=\begin{cases}0,\quad m+s\text{ er jamn},\\ \frac{1}{2},\quad m+s\text{ er odde},\end{cases} (7)

og

𝑨ssubscript𝑨𝑠\displaystyle\boldsymbol{A}_{s} =[cos⁡(s−1)​ϕcos⁡(s+1)​ϕ−sin⁡(s−1)​ϕsin⁡(s+1)​ϕ],absentmatrix𝑠1italic-ϕ𝑠1italic-ϕ𝑠1italic-ϕ𝑠1italic-ϕ\displaystyle=\begin{bmatrix}\cos{(s-1)\phi}&\cos{(s+1)\phi}\\ -\sin{(s-1)\phi}&\sin{(s+1)\phi}\end{bmatrix}, 𝑩ssubscript𝑩𝑠\displaystyle\quad\boldsymbol{B}_{s} =[sin⁡(s−1)​ϕsin⁡(s+1)​ϕcos⁡(s−1)​ϕ−cos⁡(s+1)​ϕ].absentmatrix𝑠1italic-ϕ𝑠1italic-ϕ𝑠1italic-ϕ𝑠1italic-ϕ\displaystyle=\begin{bmatrix}\sin{(s-1)\phi}&\sin{(s+1)\phi}\\ \cos{(s-1)\phi}&-\cos{(s+1)\phi}\end{bmatrix}.

Me kan leggja merke til at αsmsuperscriptsubscript𝛼𝑠𝑚\alpha_{s}^{m} og βsmsuperscriptsubscript𝛽𝑠𝑚\beta_{s}^{m} forsvinn når m+s𝑚𝑠m+s er jamn. I svak linsing er det normalt tilstrekkeleg å bruka det nullte (r​(cos⁡ϕ,sin⁡ϕ)𝑟italic-ϕitalic-ϕr(\cos\phi,\sin\phi)) og fyrste (m=1𝑚1m=1) leddet i (5). Det nullte leddet gjev forstørringa medan det fyrste, kjend som skjæret (eller shear), gjev elongeringa. Den kjende Kaiser-Squires-likninga fortel oss korleis ein kan rekonstruera linsepotensialet ψ𝜓\psi frå desse to ledda [22].

Ledda av høgare orden (m>1𝑚1m>1) gjev informasjon om krumminga som oppstår i sterke linser. Enkelt sagt vil ein rund galakse sjå oval ut bak ei svak linse. Bak ei sterk linse vert galaksen krum som ein banan111Eller kan henda meir som ei nyrebønne? Forfattarane er enno ikkje samde på dette punktet…. Svært sterke linseeffektar gjev ein sokalla einsteinring, der den fjerne galaksen ser ut som ein ring som strekker seg rundt linsa. Når Clarkson utvider den kjende svaklinsemodellen for sterke linser, så reiser det spørsmålet om ogso Kaiser-Squires-likninga kan generaliserast.

Koeffisientane αmssuperscriptsubscript𝛼𝑚𝑠\alpha_{m}^{s} og βmssuperscriptsubscript𝛽𝑚𝑠\beta_{m}^{s} i likningane over kallar me rouletteamplitydane. [22] har utleidd rekursive formlar for å finna algebraiske uttrykk for (αms,βms)superscriptsubscript𝛼𝑚𝑠superscriptsubscript𝛽𝑚𝑠(\alpha_{m}^{s},\beta_{m}^{s}) som funksjonar av ξ𝜉\xi for alle m𝑚m og s𝑠s. Implementasjonen vår, slik han vart presentert på ECMS 2023 [24], gjorde to ting. For det fyrste reknar han ut rouletteamplitydane for SIS, og for det andre simulerer han forvrengde bilete iht. likning (5).

Refer to caption
(a) Raytrace
Refer to caption
(b) Roulette m≤3𝑚3m\leq 3
Refer to caption
(c) Roulette m≤5𝑚5m\leq 5
Refer to caption
(d) Roulette m≤15𝑚15m\leq 15
Fig. 3: Simulering i roulettemodellen og samanlikning med raytrace.

Me kan samanlikna simulering i roulettemodellen med den eksakte raytrace-simuleringa i figur 3. Den uendelege rekkja i (5) må trunkerast i praksis, so me har simulert for m≤3𝑚3m\leq 3, m≤5𝑚5m\leq 5 og m≤15𝑚15m\leq 15. Småbileta som ligg i ein ring rundt hovudbiletet er numeriske artifaktar. Ein kan visa at der alltid er m+1𝑚1m+1 slike bilete når m𝑚m er odde og m𝑚m når m𝑚m er jamn, og dei legg seg som ein ring rundt 𝝃Ssubscript𝝃𝑆\boldsymbol{\xi}_{S}. Radien i denne sokalla konvergensringen går mot |𝝃S|subscript𝝃𝑆|\boldsymbol{\xi}_{S}| når m𝑚m går mot uendeleg [17]. Det er sjølvsagt mogleg å maskera ut modellartifaktane sidan me veit kvar dei ligg.

Me kan merka oss at roulettemodellen ikkje får med bibiletet som ligg nær sentrum i raytrace-biletet. Bibiletet er eit resultat av ljos som går den lange vegen rundt linsa på motsett side. Dette bibiletet hamnar alltid utanfor konvergensringen i roulette222Det er mogleg å bruka rouletteformalismen rundt eit anna punkt, og dermed teikna bibiletet, men sidan konvergensringen alltid går gjennom linsa, vil ein aldri kunna få med båe bileta i same roulettemodell. Bortsett fra bibiletet og dei falske bileta langs konvergensringen, ser med ei høveleg god tilnærming med fem ledd og med 15 ledd er biletet nær perfekt.

Remark 3

Der finst ei rekkje simulatorar for gravitasjonslinser. Særleg Lenstronomy [15] og PyAutoLens [21] er populære. Dei tutorials som finst for PyAutoLens gjev god innsikt i korleis ein kan byggja opp samansette linsemodellar og tilpasse parameter til empiriske bilete. Det som er nytt i tilnærminga vår er implementasjonen av rouletteformalismen og lokal skildring av linsepotensialet ogso for sterke linser.

4 Rekonstruksjonsmodell

Tilfeldige linse- og kjeldeparameter Raytrace-simulering Roulette-utrekning Amplitydar Bilete Sentrering Kanonisk bilete ML-trening ML-modell ML-prediksjon Estimerte amplitydar Funksjonstilpassing Roulette-simulering Roulette-bilete Sentrering Referansebilete Roulette-simulering Estimert bilete Evaluering Røynleg bilete Validering ψ^​(x,y)^𝜓𝑥𝑦\hat{\psi}(x,y)
Fig. 4: Prosessmodell. Lokal rekonstruksjon av linsepotential.

Føresetnaden for å kunna bruka ei generalisering av Kaiser-Squires, er at me kan estimera rouletteamplitydane frå observerte bilete. Det er mogleg for skjæret, men for høgare orden finst der ingen analytisk metode i dag. Simulatoren som me har drøfta over gjer det derimot mogleg å generera store datasett, og det er verd å sjå om maskinlæring kan estimera rouletteamplitydane. Figur 4 viser ein fullstendig prosess som kombinerer rouletteformalismen med maskinlæring.

Dei raude boksane bruker simulatoren CosmoSim som me har implementert, testa og gjort tilgjengeleg som open kjeldekode333Publisert på github. Drøftinga her tek utgangspunkt i versjon 2.3.0: https://github.com/CosmoAI-AES/CosmoSim/releases/tag/v2.3.0.. For å generera treningsdata til maskinlæringa bruker me raytrace-likninga (1) for å generera bilete (input) og roulette-utrekninga (sjå avsnitt 3) for å generera amplitydane som er output (ground truth) i maskinlæringa. Roulettesimulatoren gjer det mogleg å simulera forvrengde bilete direkte frå rouletteamplitydane, utan å ha nokon eksakt linsemodell. Dette gjev eit ekstra høve til å validera resultat, både under trening og i faktisk bruk. Bilete frå roulettesimuleringa gjev ei referansesanning som kan samanliknast med input til maskinlæringa. Dersom det estimerte biletet ikkje stemmer me det røynlege biletet, veit me at dei estimerte amplitydane er unøyaktige eller feile.

Me kjem tilbake til maskinlæringsdelen i avsnitt 5. Det som me har kalt funksjonstilpassing i figuren, svarer til Kaiser-Squires-likninga. Basert på estimerte rouletteamplitydar, ynskjer me å finna eit estimat ψ^^𝜓\hat{\psi} for linsepotensialet. Det er viktig å merka seg at eitt sett med rouletteamplitydar berre gjev lokal informasjon om linsepotentialet rundt eitt punkt. Dersom me skal estimera ψ𝜓\psi over heile definisjonsområdet vil me måtte bruka bilete av fleire forvrengde galaksar og rouletteamplitydane rundt kvar av dei. Dette er ofte mogleg i empiriske billete, der ein kan sjå mange galaksar som er forvrengde av den same linsa. Denne funksjonstilpassinga står att som eit ope problem.

Bileta vert sentrerte for å unngå å lekkja informasjon om linseposisjonen relativt til den synlege galaksen. Me reknar ljossentrum i biletet ved å ta gjennomsnitt av pikselindeksane vekta med ljosintensiteten. Biletet vert so translatert slik at ljossentrum vert sentrum i biletet. Dette gjev ein kanonisk form som me ogso kan finna for røynlege bilete

4.1 Rekonstruksjonssimulatoren

Som me har nemnd bruker raytrace-simulatoren eit koordinatsystem med origo på den optiske aksen (gjennom linsa). Når me simulerer med utgangspunkt i rouletteamplitydane er linsesentrum i prinsippet ukjend. Rett nok kan der vera noko ljos som gjev ein omtrentleg linseposisjon, men me vil ikkje gå ut frå at dette gjev ein tilstrekkeleg presis posisjon. Det er òg grunnen til at biletet vert sentrert rundt ljossentrum.

For å rekonstruera det forvrengde biletet treng me informasjon om kjelda, i tillegg til rouletteamplitydane som gjev informasjon om linsa. Kjeldesentrum er representert som 𝝃′=(ξ1′,ξ2′)superscript𝝃′superscriptsubscript𝜉1′superscriptsubscript𝜉2′\boldsymbol{\xi}^{\prime}=(\xi_{1}^{\prime},\xi_{2}^{\prime}) relativt til origo i ljossentrum. For ei sfærisk kjelde treng me dessutan storleiken, som i CosmoSim er representert som standardavviket σ𝜎\sigma i ein gaussisk ljosfordeling. Andre kjeldemodellar krev fleire parameter, men det har me ikkje testa i denne studien.

Dei tre parametra σ𝜎\sigma, ξ1′superscriptsubscript𝜉1′\xi_{1}^{\prime} og ξ2′superscriptsubscript𝜉2′\xi_{2}^{\prime} vert inkludert i datasettet i maskinlæringa, saman med rouletteamplitydane.

4.2 Oversikt over implementasjonen

Sjølve simulatoren i CosmoSim er eit bibliotek i C++. To brukargrensesnitt er implementerte i Python. Kommandolinegrensesnittet som me bruker her, er designa for satsgenerering av bilete. GUI-verktyet drøfta me på ECMS [24], og det er ikkje relevant her.

Simulatoren fylgjer ein enkel objektorientert struktur. Eit Source-objekt definerer den synlege galaksen og genererer biletet slik det hadde sett ut utan gravitasjonslinsa. Her har me implementert underklasser for sfæriske og elliptiske linser, samt ein trefarga trekant til illustrasjonsformål.

Rouletteamplitydane vert rekna ut symbolsk, vha. sympy-biblioteket i python, og skrive til ei fil som vert lese i C++-biblioteket, som so evaluerer amplitydane i konkrete punkt.

Eit Lens-objekt definererer linsemodellen med alle dei analytiske eigenskapane som er kjende. Særleg er det ψ𝜓\psi med dei to fyrsteordens partiellderiverte og rouletteamplitydane som trengst i simulatoren. Her har me førebels berre implementert ei underklasse for SIS, samt ei klasse som samplar ein anna linsemodell og reknar med numerisk derivasjon. Sistnemnde kan vera nyttig til meir kompliserte linsemodellar der symbolsk derivasjon ikkje er mogleg innanfor rimeleg tid.

Sjølve simulatoren er ei underklasse av LensModell. Her har me implementert RaytraceModel og RouletteModel. Dei tek ei Source og ei Lens og bruker hhv. (1) og (5) for å transformera biletet frå Source til eit realistisk forvrengd bilete slik det vert observert. RaytraceModel hentar dei partiellderiverte av ψ𝜓\psi frå Lens-objektet medan RouletteModel bruker rouletteamplitydane.

For å rekonstruera biletet frå rouletteamplitydane aleine, bruker me ei tredje LensModel-klasse, RouletteRegenerator, som ikkje bruker noko Lens-objekt. Simuleringa er den same som i RouletteModel, men rouletteamplitydane vert sette direkte i RouletteRegenerator, ingen annan informasjon om linsa vert tilgjengeleg.

Kommandolineprogrammet, slik me normalt bruker det, tek ein CSV-fil med linse- og kjeldeparameter og genererer eitt bilete per rad. I tillegg kan det, i same prosess, generera ei ny CSV-fil med rouletteamplitydane.

5 Resultat

For å demonstrera at rammeverket har noko for seg, presenterer me ein konkret serie av testar. Me har førebels gjort lite for å optimalisera maskinlæringsoppsettet eller utfallsrommet for datasettet, og ein lyt difor lesa det som eit døme og ikkje som eit råd til endeleg løysing.

5.1 Biletgenerering

Datasettet simulerer ei sfærisk kjelde sett gjennom ei SIS-linse. Relativ avstand til linsa, χ=DL/DS𝜒subscript𝐷Lsubscript𝐷S\chi=D_{\mathrm{L}}/D_{\mathrm{S}} set me konstant lik 0,5050{,}5. Dette gjev fire variable parameter: storleiken (standardavviket) σ𝜎\sigma for kjelda, einsteinradien REsubscript𝑅𝐸R_{E}, og kjeldeposisjonen som me skriv i polarkoordinatar (R,ϕ)𝑅italic-ϕ(R,\phi). Desse dreg me uniformt tilfeldig frå fylgjande sannsynsfordeling:

σ𝜎\displaystyle\sigma ∈{1,2,…​60},absent12…60\displaystyle\in\{1,2,\ldots 60\}, REsubscript𝑅𝐸\displaystyle\quad R_{E} ∈{5,6,…​50},absent56…50\displaystyle\in\{5,6,\ldots 50\},
ϕitalic-ϕ\displaystyle\phi ∈{0∘,1∘,…​359∘}absentsuperscript0superscript1…superscript359\displaystyle\in\{0^{\circ},1^{\circ},\ldots 359^{\circ}\} R𝑅\displaystyle\quad R ∈{RE,RE+1,…​100}absentsubscript𝑅𝐸subscript𝑅𝐸1…100\displaystyle\in\{R_{E},R_{E}+1,\ldots 100\}

Polarkoordinatane vert rekna om til kartesiske koordinatar (x,y)𝑥𝑦(x,y) som vert brukte i maskinlæringa, men me merker oss at det er avstanden R𝑅R til origo som er uniformt fordelt, ikkje x𝑥x- og y𝑦y-koordinatane.

For å vurdera køyretid, har me køyrd sju samtidige satsar à 20 0002000020\,000 bilete. Kvar sats tek 59–65 minutt sanntid og 138–170 minutt CPU-tid på åtte kjernar444Me har brukt tungreiningsklynga IDUN ved NTNU, og me har ikkje registrert kva node som har vore tildelt og dermed kjenner me ikkje prosessorspesifikasjonane.. Dette er overkommeleg, og langt fleire bilete enn me bruker i den vidare testen. Forsøk med fleire samtidige jobbar gjev lengre køyretid, og det er rimeleg å gå ut frå at flaskehalsen er skriving til disk.

Skriptet datagen.py genererer både bileta og CSV-filen med rouletteamplitydar; som fylgjar

   python3 CosmoSimPy/datagen.py -D <biletkatalog> \
      -C -Z 800 -z 400 --lensmode SIS --modelmode Raytrace \
      --nterms 5 --outfile roulette.csv --csvfile dataset.csv \
      --xireference
   

Her lagar me bilete på 800×800800800800\times 800 som vert klipt til 400×400400400400\times 400 etter sentrering. Rouletteamplitydane vert funne for m≤5𝑚5m\leq 5. Opsjonen --xireference seier at rouletteamplitydane vert rekna i den tilsynelatende posisjonen til sentrum i kjelda. Dette ligg normalt ikkje i ljossentrum av det forvrengde biletet.

Me simulerer dei forvrengde bileta i rouletteformalismen som referanse. Fordi denne simulatoren har eit anna API, vert dette gjort med eit eige skript, som fylgjer.

   python3 CosmoSimPy/roulettegen.py -D <roulettebiletekatalog> \
           -n 5 -Z 400 --csvfile roulette.csv --xireference
   

Køyretida er 29–30 min. sanntid og 98–99 min. CPU-tid per sats på 20 0002000020\,000 bilete.

Datasettet omfattar 33 søyler som trengst for å kunne resimulera det forvrengde biletet i rouletteformalismen. Der er 30 rouletteamplitydar for m=0,…,5𝑚0…5m=0,\ldots,5, samt linseparameteren σ𝜎\sigma og kjeldesentrum 𝝃′superscript𝝃′\boldsymbol{\xi}^{\prime} relativt sentrum i biletet (ljossentrum).

5.2 Maskinlæring

Til maskinlæringa har me brukt Inception v3, modifisert for å ta éin kanal (gråtone) inn og gje regresjonsdata ut, i staden for klassifisering. Modifikasjonane er tekne frå arbeidet åt [20]. Optimeringsalgoritma er Adams der alle parameter har initialinstillingar bortsett frå læringsraten α=0,0001𝛼00001\alpha=0{,}0001. Som tapsfunksjon bruker me gjennomsnittleg kvadratfeil (MSE). Me har brukt 4000 bilete til trening og 10 0001000010\,000 til testing. Med 50 epokar tek dette under to timar på ein NVIDIA A100 (GPU).

Refer to caption
(a) Døme på rimeleg biletestimat.
Refer to caption
(b) Døme på dårleg estimert bilete.
Fig. 5: Samanlikning av rekonstruerte bilete. I kvar montage har me opprinneleg bilete øvst til venstre. Roulettesimulering frå faktiske amplitydar øvst til høgre og frå estimerte amplitydar nedst til høgre. Nedst til venstre ser me differansen mellom dei to roulettesimuleringane.

Figur 5 viser rekonstruerte bilete basert på estimerte amplitydar. I det eine biletet, der kjelda er stor, ser me ingen gjenkjennelege drag. I det andre, med ei mindre kjelde, ser me tydeleg at både retning frå origo og krumming er riktig, sjølv om rekonstruksjonen er langt frå nøyaktig. Me kan dermed slutta at det er mogleg å dra relevant informasjon ut av biletet vha. maskinlæring, og det er sannsynleg at ein kan finna betre resultat om ein legg arbeide i det.

Ein kan stussa på at det rekonstruerte biletet i figur 5(a) ikkje har dei falske bileta jamnt fordelt rundt konvergensringen. Dette skuldast sannsynlegvis at dei estimerte amplitydane ikkje treng å svara til ein kontinuerleg og deriverbar funksjon ψ𝜓\psi. Estimeringsfeilen kan gje artifaktar som ikkje er moglege i utgangspunktet.

Refer to caption
(a) Tapsfunksjonen under trening for kvar epoke.
Refer to caption
(b) Samanlikning av estimat og ground truth for σ𝜎\sigma.
Refer to caption
(c) Samanlikning av estimat og ground truth for ξ1′subscriptsuperscript𝜉′1\xi^{\prime}_{1} (blått) og ξ2′subscriptsuperscript𝜉′2\xi^{\prime}_{2} (raudt).
Refer to caption
(d) Samanlikning av estimat og ground truth for α10superscriptsubscript𝛼10\alpha_{1}^{0}.
Refer to caption
(e) Samanlikning av estimat og ground truth for α01superscriptsubscript𝛼01\alpha_{0}^{1} (blått) og α21superscriptsubscript𝛼21\alpha_{2}^{1} (raudt).
Refer to caption
(f) Samanlikning av estimat og ground truth for α12superscriptsubscript𝛼12\alpha_{1}^{2} (blått) og α32superscriptsubscript𝛼32\alpha_{3}^{2} (raudt).
Fig. 6: Evaluering av maskinlæringstesten.

Figur 6 viser kvantitativ evaluering av maskinlæringsoppsettet. Der er to ting som me skal merka oss. For det fyrste vert 𝝃′superscript𝝃′\boldsymbol{\xi}^{\prime} systematisk underestimert, noko som òg gjev forskyvinga i det rekonstruerte bilete i figur 5(a). For det andre har me jamn betring i tapsfunksjonen i ni epokar, før tapsfunksjonen tek til å svinga. Det tyder på at læringsraten er for høg etter dei ni epokane.

6 Vegen vidare

Me har etablert eit rammeverk for å arbeida med rekonstruksjon av rouletteamplitydar vha. maskinlæring, Dette opnar ei lang rekkje gode problem for vidare forsking. Innanfor maskinlæring gjenstår arbeidet med å finna god nettverksdesign og optimalisera hyperparameter.

Me har framleis ikkje sett på testing med empiriske datasett. Dette er krevjande fordi astronomiske avstandar gjev låg oppløysing og ein må ta omsyn til optiske artifaktar i teleskopa. Tilretteleggjing av datasett frå røynda og tilpassing av treningssettet til empiriske data er den største og kanskje mest spanande utfordringa framover.

Innanfor matematisk fysikk gjenstår arbeidet med å generalisera Kaiser-Squires eller utarbeida andre teknikkar for å rekonstruera linsepotentialet. Til sist vil det òg vera nyttig å utvida simulatoren med andre linse- og kjeldemodellar.

Referansar

  • [1] G. Bertone and T… Tait “A new era in the search for dark matter” In Nature 562.7725, 2018, pp. 51–56 DOI: 10.1038/s41586-018-0542-z
  • [2] Biggio, L. et al. “Modeling lens potentials with continuous neural fields in galaxy-scale strong lenses” In A&A 675, 2023, pp. A125 DOI: 10.1051/0004-6361/202245126
  • [3] S. Birrer and A. Amara “lenstronomy: Multi-purpose gravitational lens modelling software package” In Physics of the Dark Universe 22, 2018, pp. 189–201 DOI: 10.1016/j.dark.2018.11.002
  • [4] Chris Clarkson “Roulettes: a weak lensing formalism for strong lensing: I. Overview” In Classical and Quantum Gravity 33.16, 2016 DOI: Artn 16lt01 10.1088/0264-9381/33/16/16lt01
  • [5] Chris Clarkson “Roulettes: a weak lensing formalism for strong lensing: II. Derivation and analysis” In Classical and Quantum Gravity 33.24 IOP Publishing, 2016, pp. 245003 DOI: 10.1088/0264-9381/33/24/245003
  • [6] P. Fleury, J. Larena and J.. Uzan “Weak Gravitational Lensing of Finite Beams” In Physical Review Letters 119.19, 2017 DOI: ARTN 191101 10.1103/PhysRevLett.119.191101
  • [7] Yashar D. Hezaveh, Laurence Perreault Levasseur and Philip J. Marshall “Fast automated analysis of strong gravitational lenses with convolutional neural networks” In Nature 548.7669 Springer ScienceBusiness Media LLC, 2017, pp. 555–557 DOI: 10.1038/nature23463
  • [8] Simon Ingebrigtsen, Sondre Westbø Remøy, Simon Nedreberg Runde and Einar Leite Austnes “CosmoAI: A study of gravitational lensing through simulation and machine learning” Final year dissertation, 2022 URL: https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/3003634
  • [9] James.. Nightingale et al. “‘PyAutoLens‘: Open-Source Strong Gravitational Lensing” In Journal of Open Source Software 6.58 The Open Journal, 2021, pp. 2825 DOI: 10.21105/joss.02825
  • [10] Ben David Normann and Chris Clarkson “Recursion relations for gravitational lensing” In General Relativity and Gravitation 52.3 Springer ScienceBusiness Media LLC, 2020 DOI: 10.1007/s10714-020-02677-z
  • [11] Peter Schneider, Jürgen Ehlers and Emilio E. Falco “Gravitational Lenses”, 1992 DOI: 10.1007/978-3-662-03758-4
  • [12] Hans Georg Schaathun et al. “On the simulation of gravitational lensing” Florence, Italy, 21-23 June 2023 In Proceedings of the 30th European Conference on Modelling and Simulation ECMS - European Council for ModellingSimulation, 2023

Referansar

  • [13] G. Bertone and T… Tait “A new era in the search for dark matter” In Nature 562.7725, 2018, pp. 51–56 DOI: 10.1038/s41586-018-0542-z
  • [14] Biggio, L. et al. “Modeling lens potentials with continuous neural fields in galaxy-scale strong lenses” In A&A 675, 2023, pp. A125 DOI: 10.1051/0004-6361/202245126
  • [15] S. Birrer and A. Amara “lenstronomy: Multi-purpose gravitational lens modelling software package” In Physics of the Dark Universe 22, 2018, pp. 189–201 DOI: 10.1016/j.dark.2018.11.002
  • [16] Chris Clarkson “Roulettes: a weak lensing formalism for strong lensing: I. Overview” In Classical and Quantum Gravity 33.16, 2016 DOI: Artn 16lt01 10.1088/0264-9381/33/16/16lt01
  • [17] Chris Clarkson “Roulettes: a weak lensing formalism for strong lensing: II. Derivation and analysis” In Classical and Quantum Gravity 33.24 IOP Publishing, 2016, pp. 245003 DOI: 10.1088/0264-9381/33/24/245003
  • [18] P. Fleury, J. Larena and J.. Uzan “Weak Gravitational Lensing of Finite Beams” In Physical Review Letters 119.19, 2017 DOI: ARTN 191101 10.1103/PhysRevLett.119.191101
  • [19] Yashar D. Hezaveh, Laurence Perreault Levasseur and Philip J. Marshall “Fast automated analysis of strong gravitational lenses with convolutional neural networks” In Nature 548.7669 Springer ScienceBusiness Media LLC, 2017, pp. 555–557 DOI: 10.1038/nature23463
  • [20] Simon Ingebrigtsen, Sondre Westbø Remøy, Simon Nedreberg Runde and Einar Leite Austnes “CosmoAI: A study of gravitational lensing through simulation and machine learning” Final year dissertation, 2022 URL: https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/handle/11250/3003634
  • [21] James.. Nightingale et al. “‘PyAutoLens‘: Open-Source Strong Gravitational Lensing” In Journal of Open Source Software 6.58 The Open Journal, 2021, pp. 2825 DOI: 10.21105/joss.02825
  • [22] Ben David Normann and Chris Clarkson “Recursion relations for gravitational lensing” In General Relativity and Gravitation 52.3 Springer ScienceBusiness Media LLC, 2020 DOI: 10.1007/s10714-020-02677-z
  • [23] Peter Schneider, Jürgen Ehlers and Emilio E. Falco “Gravitational Lenses”, 1992 DOI: 10.1007/978-3-662-03758-4
  • [24] Hans Georg Schaathun et al. “On the simulation of gravitational lensing” Florence, Italy, 21-23 June 2023 In Proceedings of the 30th European Conference on Modelling and Simulation ECMS - European Council for ModellingSimulation, 2023